Dei andre fagområda i Rammeplanen

Fagområda: *Kommunikasjon, språk og tekst *Kropp, bevegelse og helse *Kunst, kultur og kreativitet (står om under fagområdet) *Natur, miljø og teknikk *Etikk, religion og filosofi *Nærmiljø og samfunn *Antall, rom og form

3.1 Kommunikasjon, språk og tekst

Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet.

Kommunikasjon skjer i eit vekselspel mellom å ta imot og tolke ein bodskap

og å sjølv vere avsendar av ein bodskap. Både den nonverbale og den

verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk.

Å få varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå omgrep. Å samtale

om opplevingar, tankar og kjensler er nødvendig for å utvikle eit rikt språk.

Tekst omfattar både skriftlege og munnlege forteljingar, poesi, dikt,

rim, regler og songar. Viktige sider ved kulturoverføringa er knytte til

kommunikasjon, språk og tekst.

 

Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen

bidra til at barna

•lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn

og vaksne

•vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd

•bruker språket for å uttrykkje kjensler, ønske og erfaringar, til

å løyse konfliktar og til å skape positive relasjonar i leik og anna samvær

•får eit positivt forhold til tekst og bilete som kjelde til estetiske

opplevingar og kunnskapar, samtalar og som inspirasjon til

fabulering og nyskaping

•lyttar til lydar og rytme i språket og blir fortrulege med symbol

som tal og bokstavar

•blir kjende med bøker, songar, bilete, media o.a.

 

For å arbeide i retning av desse måla må personalet

•vere bevisste på at dei er førebilete når dei lyttar, gir konstruktiv

respons og bruker kroppsspråk, talespråk og tekst

•fremje tillit mellom barna og mellom barn og vaksne, slik at barna

føler glede ved å kommunisere og er trygge når dei bruker ulike

språk- og tekstformer i kvardagen

•leggje til rette for meiningsfulle opplevingar og skape tid og rom

for bruk av nonverbalt og verbalt språk i kvardagsaktivitetar og

leik og i meir tilrettelagde situasjonar

•skape eit språkstimulerande miljø for alle barn og oppmuntre til

å lytte, samtale og leike med lyd, rim og rytme, og til å fabulere

ved hjelp av språk og song

•vise forståing for at morsmålet til barnet er viktig

•oppmuntre barn med to- eller fleirspråkleg bakgrunn til å vere

språkleg aktive og samtidig hjelpe dei til å få erfaringar som

byggjer opp omgrepsforståinga og ordforrådet på norsk

•støtte barn som har ulike former for kommunikasjonsvanskar,

er lite språkleg aktive eller har sein språkutvikling

•la barna møte symbol som bokstavar og siffer i daglege samanhengar

og støtte barna når dei tek initiativ til å telje, sortere, lese,

leikeskrive eller diktere tekst

•skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og

glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale, og vere bevisste

på kva etiske, estetiske og kulturelle verdiar som blir formidla.

 

3.2 Kropp, rørsle og helse

I småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motorisk dugleik,

kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ta vare

på helse og livskvalitet. Barn er kroppsleg aktive, og dei uttrykkjer seg mykje

gjennom kroppen. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve

å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaring, dugleik og

kunnskap på mange område. Når barn kontaktar andre barn, startar dei ofte

med kroppslege signal og aktivitetar. Dette er viktig for utviklinga av sosial

kompetanse. Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig

for å utvikle ein sunn kropp. Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært

mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll. Aktiv bruk

av natur og nærmiljø gir mange moglegheiter.

 

Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra

til at barna

•får ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring

•skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler

og utfordringar

•vidareutviklar kroppskontrollen, grovmotorikken, finmotorikken,

rytmen og den motoriske kjensleevna

•får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider

•utviklar glede over å bruke naturen til utforsking og kroppslege

utfordringar og får forståing av korleis ein bruker og samtidig

tek vare på miljøet og naturen

•utviklar forståing og respekt for sin eigen og andre sin kropp

og for at alle er forskjellige

•får kunnskap om menneskekroppen og forståing for kor viktig

det er med gode vanar og eit sunt kosthald.

 

For å arbeide i retning av desse måla må personalet

•organisere kvardagen slik at det er ei gjennomtenkt veksling mellom

periodar med ro, aktivitet og måltid, og bidra til at barna kan

lære gode vanar og haldningar og få kunnskap om kost, hygiene,

aktivitet og kvile

•sørgje for god planlegging og fleksibel tilrettelegging og utnytting

av det fysiske miljøet og vurdere korleis nærmiljøet kan supplere

barnehageareala til ulike årstider

•sørgje for at kropps- og rørsleskulturen i barnehagen reflekterer

mangfaldet i den kulturelle forankringa til barna, og ta omsyn

til kulturforskjellar når det gjeld forholdet til kropp

•leggje til rette for og inspirere til trygg og utfordrande kroppsleg

leik og aktivitet for alle, uavhengig av kjønn og kroppslege,

psykiske og sosiale føresetnader

•forstå og gi oppmuntrande stadfesting på sansemotorisk og

kroppsleg leik og inspirere alle barn til å søkje fysiske

utfordringar og bruke kroppen sin

•følgje opp barns leikeinitiativ og tilby leik og spel der barna er

fysisk aktive og opplever glede gjennom meistring og fellesskap

•skape vilkår for kroppsleg leik og aktivitet der ein òg bryt med

tradisjonelle kjønnsrollemønster, slik at jenter og gutar på ein

likeverdig måte kan delta i alle aktivitetsformene

•ta vare på helsa og tryggleiken til barna og kunne utføre førstehjelp.

 

3.3 Kunst, kultur og kreativitet

Barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å

uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller

skape noko felles, bidreg til samhøyrsle. Barn skaper sin eigen kultur ut frå

eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får

barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd,

tenking og kommunikasjon. Fagområdet gjeld uttrykksformer som

biletkunst og kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film,

arkitektur og design. Kunst- og kulturformidling gjer at barna blir fortrulege

med og føler tilhøyrsle til kulturelle uttrykksformer.

 

Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra

til at barna

•lærer å lytte, observere og uttrykkje seg gjennom allsidige møte

med og refleksjon over kultur, kunst og estetikk

•styrkjer den kulturelle identiteten sin og det personlege uttrykket

•tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede

•utviklar evna til å bearbeide og kommunisere inntrykk og gi

varierte uttrykk gjennom skapande verksemd

•utviklar elementær kunnskap om verkemiddel, teknikk og form

for å kunne uttrykkje seg estetisk i visuelt språk, musikk, song,

dans og drama

•opplever at kunst, kultur og estetikk bidreg til nærleik og forståing.

For å arbeide i retning av desse måla må personalet

•skape nok rom for både vaksenleidde og barnestyrte aktivitetar

for å utøve og nyte estetiske inntrykks- og uttrykksformer

•ha eit bevisst forhold til samspelet mellom kunst, kultur og leik

•sørgje for at barna dagleg har tilgang til bøker, bilete, instrument,

utstyr til å kle seg ut med og rikeleg, variert materiale og verktøy

for skapande verksemd

•lytte og vere merksame på det kulturelle uttrykket til barna, vise

respekt for ytringsformene deira og fremje lysta til å utforske dei

estetiske områda vidare

•motivere barna til å uttrykkje seg og gi dei høve til å finne sine

eigne uttrykksformer

•sørgje for ein estetisk dimensjon i fysisk miljø og innhald

•oppmuntre og stimulere barna til å sjå på estetiske fenomen

og detaljar i møte med natur og fysisk miljø og i kunstnariske

uttrykksmåtar i arkitektur, bilete, tekst, musikk og rørsler

•sørgje for at barn opplever lokale, nasjonale og internasjonale

kunst- og kulturuttrykk, og at dei får møte kunstnarar

•gi barna høve til å bli kjende med tradisjonar innanfor bumiljø,

byggjekunst og handverk, kulturlandskap og kulturminne

i lokalmiljøet.

 

3.4 Natur, miljø og teknikk

Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider

og i all slags vêr. Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon

til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barna blir kjende med

og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og vêr. Det er eit mål at

barna skal få ei gryande forståing av kor viktig ei berekraftig utvikling er. I

dette inngår kjærleik til naturen og forståing for samspelet i naturen og mellom

mennesket og naturen.

 

Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra

til at barna

•opplever naturen og undrar seg over kor mangfaldig han er

•opplever glede ved å ferdast i naturen og får grunnleggjande

innsikt i natur, miljøvern og samspelet i naturen

•får erfaring med og kunnskap om dyr og vekstar og at dei er

avhengige av kvarandre og viktige for matproduksjonen

•lærer å observere, undre seg, eksperimentere, systematisere,

beskrive og samtale om fenomen i den fysiske verda

•erfarer korleis teknikk kan brukast i leiken og kvardagslivet.

For å arbeide i retning av desse måla må personalet

•ta utgangspunkt i nyfikna, interessene og føresetnadene til barna

og stimulere dei til å oppleve med alle sansar, observere og undre

seg over fenomen i naturen og teknologien

•i tale og handling fremje ei forståing for berekraftig utvikling

og velje litteratur og aktivitetar som fremjar ei slik forståing

•inkludere friluftsaktivitetar og uteleik i barnehagekvardagen

•bruke nærmiljøet for at barna skal kunne observere og lære om

dyr, fiskar, fuglar, insekt og plantar

•la barna få innsikt i matvareproduksjon

•gi barna begynnande kunnskap om fødsel, vekst, aldring og død

•byggje på og vidareutvikle erfaringane barna har med tekniske

leiker og teknikk i kvardagen.

 

3.5 Etikk, religion og filosofi

Etikk, religion og filosofi er med på å forme måten vi oppfattar verda og

menneska på, og pregar verdiar og haldningar. Religion og livssyn legg

grunnlaget for etiske normer. I fleire hundre år har kristen tru og tradisjon

saman med humanistiske verdiar prega norsk og europeisk kultur. Noreg er

i dag eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn. Barnehagen skal reflektere

og respektere mangfaldet som er representert i barnegruppa, samtidig som

han skal ta med seg verdiar og tradisjonar frå den kristne kulturarven. Den

etiske rettleiinga barnehagen gir barna, må ta omsyn til føresetnadene til det

enkelte barnet og den kulturelle og religiøse eller verdimessige tilknytinga til

den enkelte heimen.

 

Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra

til at barna

•erfarer at grunnleggjande spørsmål er vesentlege, ved at dei får

høve og ro til undring og tenking, samtalar og forteljingar

•tileignar seg grunnleggjande samfunnsnormer og -verdiar

•utviklar toleranse og interesse for kvarandre og respekt for

bakgrunnen til kvarandre, uavhengig av den kulturelle og

religiøse eller livssynsmessige tilhøyrsla

•får innsikt i kristne grunnverdiar og plassen dei har i kulturen vår

•får kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar

•får kjennskap til tradisjonar som er knytte til høgtider i andre

religionar og livssyn som er representerte i barnegruppa

•blir kjende med religion, etikk og filosofi som del av kultur

og samfunn.

 

For å arbeide i retning av desse måla må personalet

•vere bevisste på det yrkesetiske ansvaret for å praktisere verdigrunnlaget

til barnehagen

•møte tru, spørsmål og undring med alvor og respekt

•skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar

•skape interesse for og bidra til forståing og toleranse for

forskjellige kulturar og ulike måtar å leve på

•hjelpe barn i konfliktsituasjonar til å finne konstruktive løysingar

•vere bevisste på at personalet er førebilete, og opptre slik at barna

kan få støtte i sin eigen identitet og respekt for kvarandre

•la den kristne kulturarven komme til uttrykk mellom anna

gjennom høgtidsmarkeringar

•markere andre religiøse, livssynsmessige og kulturelle tradisjonar

som er representerte i barnehagen.

 

3.6 Nærmiljø og samfunn

Det at barna får påverke det indre livet i barnehagen, kan vere det første

steget for å få innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn.

Barnehagen skal bidra til at barna møter verda utanfor familien med tillit og

undring. Han skal leggje vekt på å styrkje kunnskapen om og tilknytinga til

lokalsamfunnet, naturen, kunst og kultur, arbeidslivet, tradisjonar og levesett.

Barn skal få utforske og oppdage nærmiljøet sitt. Barna har ulike erfaringar

frå heimen, omgangskretsen og reiser, noko som kan gi kunnskap om ulike

samfunn. Fagområdet omfattar òg korleis media påverkar kvardagen til barna.

 

Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra

til at barna

•utviklar tillit til eiga deltaking i og påverknad på fellesskapen

•erfarer at alle menneske, uavhengig av alder og føresetnader,

inngår i og bidreg til barnehagefellesskapen

•blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og

erfaringar i nærmiljøet

•opplever at det blir teke like mykje omsyn til gutar og jenter

•blir kjende med nokre historiske endringar i lokalmiljøet

og samfunnet

•utviklar forståing for ulike tradisjonar og levesett

•blir kjende med at samane er urfolket i Noreg, og får kjennskap til

samiske forteljingar, segner og andre delar av den samiske kulturen

og det samiske kvardagslivet.

 

For å arbeide i retning av desse måla må personalet

•følgje demokratiske prinsipp i det daglege arbeidet

•arbeide for at alle barn får erfare at dei er verdifulle og viktige

for fellesskapen

•sørgje for at barna erfarer at vala og handlingane deira kan påverke

situasjonen både for dei sjølve og andre

•gi barna begynnande kunnskap om kor viktige menneskerettane er,

særleg barnekonvensjonen

•arbeide med likestilling mellom gutar og jenter og sørgje for at

begge kjønna får varierte utfordringar og like mykje merksemd

•sørgje for at barna utvidar forståinga om kulturelle likskapar og

skilnader og arbeide for eit inkluderande miljø som motverkar

mobbing og rasisme

•vere oppdaterte og opptekne av samfunnet og vise interesse for

bumiljøet til barna og alt lokalmiljøet har å by på

•bruke ressursane i nærmiljøet til gode opplevingar og læring som

er tilpassa føresetnadene og interessene til barna, og sørgje for at

barnehagen bidreg aktivt i nærmiljøet

•gi barna meiningsfylte møte med personar, arbeidsplassar og

institusjonar i nærmiljøet og sørgje for at barna får bearbeide og

utdjupe opplevingane

•bruke litteratur og media for å utvide og utdjupe erfaringane og

læringa til barna

•bidra til at barna er nysgjerrige og kritiske til det som blir formidla

i media.

3.7 Tal, rom og form

Barn er tidleg opptekne av tal og teljing, dei utforskar rom og

form, argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik,

eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna matematisk

kompetanse. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntre utforskinga og

leggje til rette for tidleg og god stimulering.

 

Gjennom arbeidet med tal, rom og form skal barnehagen bidra til at barna

•opplever glede over å utforske og leike med tal og former

•tileignar seg gode og omgrep som er greie å bruke

•erfarer, utforskar og leikar med former og mønster

•erfarer ulike typar storleikar, former og mål gjennom å sortere

og samanlikne

•erfarer plassering og orientering og slik utviklar lokaliseringsevner.

 

For å arbeide i retning av desse måla må personalet

•vere lyttande og merksame i forhold til matematikken barnet

uttrykkjer gjennom leik, samtalar og kvardagsaktivitetar

•støtte den matematiske utviklinga til barnet med utgangspunkt

i interesser og uttrykksformer

•vere bevisste på sin eigen omgrepsbruk om matematiske fenomen

•styrkje kunnskapstørsten, matematikkgleda og lysta barnet har

til å utforske matematiske samanhengar

•resonnere og undre seg saman med barna om likskapar, ulikskapar,

storleikar og tal og stimulere evna til å bruke språket som reiskap

for logisk tenking

•sørgje for at barna har tilgang til og tek i bruk ulike typar spel,

teknologi, teljemateriell, klossar, leikar og formingsmateriell, og

tilby materiell som gir barna erfaring med klassifisering, ordning,

sortering og samanlikning

•gi barna impulsar og erfaringar med design ved å utforske, oppdage

og skape ulike former og mønster

•leggje til rette for at barna i leik og kvardagsaktivitetar får erfaringar

med ulike typar mål, måleiningar og målereiskapar, og stimulere

barna til å fundere rundt avstandar, vekt, volum og tid.