.

Alle born har nå kvar sin primærkontakt i barnehagen. For å sikre at alle borna får den positive vaksekontakten dei har behov for, skal alle borna i Vestsida ha en primærkontakt. Ein primærkontakt er ein vakse som har "eit spesielt auge" med bornet ditt. Det er ikkje meininga at bornet skal bli avhengig eller bli særbehandla av denne eine vaksne, men at dei skal sikre at borne blir sett/oppmuntra og får positiv tilbakemelding. Den skal i tillegg sørge for god kontakt og kommunikasjon mellom heim og barnehage.