Det nærmar seg skulestart

Førskulegruppe er eit tilbod for dei eldste borna i barnehagen.

                            

«Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule, og eventuelt til skulefritidsordninga (SFO). Barnehagen og skulen bør utveksle kunnskap og informasjon som utgangspunkt for samarbeid om tilbodet til dei eldste barna i barnehagen, overgangen til skulen og skulestarten. Barnehagen må ha samtykke frå foreldra for å dele opplysningar om enkelt barn med skulen» (RP-17).

Fyrste skuledag er ein viktig merkedag i barn sitt liv. For dei fleste er det ein dag både barnet og foreldra ser fram til med forventning og spenning, og oss ser på det som viktig å legge til rette for at alle barn får ein god start på skulen.
Gjennom heile barnehageløpet blir det jobba tverrfagleg og læring skjer både gjennom planlagde aktivitetar, kvardagssituasjonar og leik. Heile mandatet gjennom barnehageløpet, med omsorg, leik, læring og danning der barn si aktive deltaking er særs viktig for korleis barna opplev å vera barn i barnehagen og korleis dei opplev at eigne tankar og meiningar har verdi. I tillegg har oss ei fast økt i veka der det er førskulegruppe der oss held på med aktivitetar som er retta mot overgangen til skulen.