Vestsida-sangen
(Mel: Napoleon med sin hær..)
Velkommen til vestsida for store og for små,
for her skal alle borna gode venner få,
vi skal leke og danse
og synge litt og sanse
og enda får vi tid til å male dagen blå.
*******************************************************
"Barnehagen skal formidle verdiar og kultur, gi rom for barnas egen kulturskapning og bidra til at alle barn får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap" (Barnehageloven 2012). Fagområdet Kunst, kultur og kreativitet byggjer på leiken og fungerer som fagleg "overbygning" i forhold til dei andre fagområda.
Barnehagen er ein kulturarena, der personalet er bevisste på si rolle som kulturformidlare og kulturbærare.
Vårt hovudfokus er UTELIV der oss ser på naturen som eit stimulerande miljø for barna si utvikling og som ein ressurs i vårt pedagogiske arbeid. Eit av hovudmåla våre er at barn og vaksne skal trivast når dei er ute, at dei skal få gode opplevingar, gode minner og ei god haldning til å ta vare på naturen.
Oss jobbar også med miljøarbeid i barnehagen der målet er å gje barna gode haldningar til naturen og miljøspørsmål.